Solør-Odal kvinnebunadSolør-Odal mannsbunadHistorien bak Solør-Odal-bunaden

Historien bak Solør-Odal-bunaden

Av Bjørn Sverre Haugen
(frå "Singlande syljor", 100 år med bunadarbeid i Noregs Ungdomslag)

Tanken om bunadarbeid i Fylkeslaget Varden er nokså gammal. Alt på 1920-talet vart det sett ned ei nemnd for å ta seg av saka med kvinnebunad for distriktet. Gunnar Tanga skriv i utkast til ein avisartikkel: Kor langt denne nemnda kom , har eg ikkje kjennskap til anna enn at eg veit at det var samla ein del tøyprøver i Vardens arkiv, og at Mathea Simensen har ein bunad som truleg var inspirert av dette arbeidet".

På 1950-talet vart arbeidet med ein kvinnebunad teke opp att i Fylkeslaget Varden. på den tida var Signe Støve formann i leiknemnda i Varden, og det var gjennom denne kanalen at arbeidet vart gjort. Det vart teke kontakt med det som då var Landsnemnda for bunadspørsmål, og gjennom heile arbeidet var Klara Semb ei viktig brikke. Frametter 50-talet gjekk  arbeidet føre seg i leiknemnda, og meir eller mindre samanhengande i to år drog Signe Støve omkring i Solør-Odal og såg og leita etter tilfang til ein bunad. Ho hadde og kontakt med Glomdalsmuseet og Norsk Folkemuseum

Ein hadde ei klar oppfatning om kva ein leita etter: eit snøreliv med flasker (skjøter). Eit slikt liv hadde Klara Semb sett på Kirkenær då ho hadde dansekurs der nokre tiår tidlegare. Ho hadde bede deltakarane ta med seg gamle draktdelar på kurset, og då var det ein som hadde eit slikt liv med seg. Det vart arbeidd mykje med å finna att livet, med det kom ikke til rette. Frå skiftematerialet og andre skriftlege kjelder kjende ein til kva som vart brukt av klede i distritket langt attende i tid. Mellom anna vart det brukt snøreliv med flasker i ulike stoff og stakkar i ullstoff.

 

Solør-Odal bunaden
Tradisjonelle Solør-Odal-bunader for damer og herrer. Den originale Lundebydrakten fra 1932 med sort, hvitt eller blått klede.

Solør-Odal bunad, bunaden, Lundebydrakten, brokade, bunadsutstyr, Kongsvinger, Solør, Odal, drakter